Tuesday, August 28, 2007

Eit minne


Eg hugsar den dagen onkel Harald dukka opp att, etter å ha vore borte i fire år utan å gi frå seg eit livsteikn. Han gjekk rett på rommet sitt og la seg og sa vi berre kunne setje inn mat til han gjennom sprekken under døra. Men sprekken var altfor smal.

Wednesday, August 22, 2007

Litt skikk og bruk

Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein kjem til kiropraktoren etter eit par månaders pause og oppdagar at han sidan sist har fått nokre merkelege skalla flekkar på hovudet. Skal ein ta oksen ved horna, så å seie, og framføre eit muntert: "Skal seie du har fått nokon merkelege skalla flekkar på hovudet. Kva er det for noko?", for å lette på stemninga (sidan de begge to er bevisste om at du no har lagt merke til flekkane). Eller skal du tvert imot la vere å seie noko som helst? Her vil vi på det mest innstendige rå til å prøve siste alternativ. Dersom kiropraktoren sjølv tar initiativ til ein samtale om dette, derimot, stiller saka seg annleis. Då kan du berre håpe på at han vil fatte seg i kortheit. Og det vil vere feil frå di side å kome trekkande med ei tante som ein gong leid av noko liknande, sjølv om det skulle vere sant.

Friday, August 10, 2007

Vaskebjørnens hemn


Bildet er tatt berre få minutt før vaskebjørnen utførte sin fryktelege hemn.

Monday, July 30, 2007

Det er ikkje verre

Mange har lurt paa korleis det kan ha seg at eg alltid slepper lynraskt gjennom alle folkemengder, ikkje minst utanfor utestader i store byar. Svaret er at eg bruker det gamle trikset og seier med kraftig stemme: "Slipp meg frem, jeg er norsk lege!" Ikkje minst i utlandet har dette god effekt. Men om alle no begynte aa gjere det same, ville nok effekten snart avta.

Friday, July 13, 2007

Olafr Havrevold er død


Det som gjer det endå tristare er at han døydde alt i 1972. Tankane våre går først og fremst til den nærmaste familien, men også til andre som stod han nær. Så er altså endå ein epoke over.

Monday, June 18, 2007

Avsløring


Desse to mennene har nettopp funne opp ein reiskap som skal brukast til å slette internett.

Thursday, June 14, 2007

Forbrukarspalta: Lus i håret på lykketroll


Vi har tidlegare - for ein ti års tid tilbake - tatt opp problemet med lus i håret på lykketroll. Vi har no fått indikasjonar på at vi tok noko lett på problemet sist. Då lykketrollet (frå 1966) nyleg var inne på sørvis, blei det slått fast at dei små krypa som atter hadde gøymt seg i håret ikkje var lus, men nokre brunaktige åme-liknande kryp. Uansett, særleg apppetittlege er dei ikkje, og dei må berre fjernast. Invester i eit middel mot brunaktige åmer og andre kryp i ein fargehandel. Å setje fyr på heile håret er utan tvil effektivt, men eit skalla lykketroll er vel ikkje akkurat det du hadde tenkt deg? Særleg når det gjeld eitt som har tent deg trufast gjennom nærmare førti år.
(Bildet er sjølvsagt ikkje det autentiske lykketrollet, men eit simpelt illustrasjonsfoto.)