Tuesday, December 25, 2007

God jul!


Vi ønskjer alle lesarane ei god og velsigna jul! Fiskerens Venn-kontoret vil vere delvis stengt mellom jul og nyttår, men det gjer truleg ingenting.

Tuesday, November 27, 2007

Nattleg møte

I natt vakna eg av at bestefar min stod attmed senga.
- Kva gjer du her? sa eg.
Han såg på meg med eit glasaktig blikk og sa:
- I det siste har eg begynt å tenkje på alt eg gjekk glipp av mens eg framleis var i live. Om eg kanskje var for streng med meg sjølv.
- Det er vel litt seint å tenkje på det no, sa eg.
Då sukka han djupt og svarte:
- Du har rett i det. Det er vel litt seint no, ja.
Så blei han borte, og eg sovna ganske fort att. Og då eg vakna i dag tidleg, hadde eg truleg gløymt alt saman om det ikkje var for den svake lukta av pipetobakk som hang att i rommet.

Sunday, November 25, 2007

For å få julestemninga på skinner blar vi på ny i arkivet


Kor kjend er du?

Her kan internettet fort gi deg ein indikasjon. I dag googla eg meg sjølv og fekk ca. 3250 treff. Deretter gjorde eg det same med Dracula og fekk ca. 1.100.000 treff. Av det sluttar eg at eg er ganske kjend, men at eg framleis har litt å gå på.

Wednesday, November 21, 2007

Populær serie

I serien "Komplett uforståelege songar vi gjerne syng med på" er turen denne gongen komen til Ante-songen:

Manne gal'gá ædni gán'da læt nu bivnut jå
Håi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå.
Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå
Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-llá-lá låi lá låi-låi-lå

Gå dan gabb'ba bæska biddjala jå baddjeli
de dat baddjenieidat birra jåradæmen - jå
Håi-lá etc.

Gå dan lච'¶egávti biddjala jå baddjelii
de dat dálo-nieidat birra jåradæmen - jå
Håi-lá etc.

Gå dan alit dræssa biddjala jå baddjelii
de dat riv' guniedat birra jåradæmen - jå
Håi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå.
Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå
Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-llá-lá låi lá låi-låi-lå

Neste veke: "Sukiyaki".

Wednesday, November 7, 2007

Ein slik morgon

Då eg kom ut på kjøkkenet var alt stille, men eg var heilt sikker på at eg hadde høyrt nokon snakke om meg, og at ordet "suppegjøk" hadde falle, etterfølgt av ein tørr latter.

Tuesday, August 28, 2007

Eit minne


Eg hugsar den dagen onkel Harald dukka opp att, etter å ha vore borte i fire år utan å gi frå seg eit livsteikn. Han gjekk rett på rommet sitt og la seg og sa vi berre kunne setje inn mat til han gjennom sprekken under døra. Men sprekken var altfor smal.

Wednesday, August 22, 2007

Litt skikk og bruk

Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein kjem til kiropraktoren etter eit par månaders pause og oppdagar at han sidan sist har fått nokre merkelege skalla flekkar på hovudet. Skal ein ta oksen ved horna, så å seie, og framføre eit muntert: "Skal seie du har fått nokon merkelege skalla flekkar på hovudet. Kva er det for noko?", for å lette på stemninga (sidan de begge to er bevisste om at du no har lagt merke til flekkane). Eller skal du tvert imot la vere å seie noko som helst? Her vil vi på det mest innstendige rå til å prøve siste alternativ. Dersom kiropraktoren sjølv tar initiativ til ein samtale om dette, derimot, stiller saka seg annleis. Då kan du berre håpe på at han vil fatte seg i kortheit. Og det vil vere feil frå di side å kome trekkande med ei tante som ein gong leid av noko liknande, sjølv om det skulle vere sant.

Friday, August 10, 2007

Vaskebjørnens hemn


Bildet er tatt berre få minutt før vaskebjørnen utførte sin fryktelege hemn.

Monday, July 30, 2007

Det er ikkje verre

Mange har lurt paa korleis det kan ha seg at eg alltid slepper lynraskt gjennom alle folkemengder, ikkje minst utanfor utestader i store byar. Svaret er at eg bruker det gamle trikset og seier med kraftig stemme: "Slipp meg frem, jeg er norsk lege!" Ikkje minst i utlandet har dette god effekt. Men om alle no begynte aa gjere det same, ville nok effekten snart avta.

Friday, July 13, 2007

Olafr Havrevold er død


Det som gjer det endå tristare er at han døydde alt i 1972. Tankane våre går først og fremst til den nærmaste familien, men også til andre som stod han nær. Så er altså endå ein epoke over.

Monday, June 18, 2007

Avsløring


Desse to mennene har nettopp funne opp ein reiskap som skal brukast til å slette internett.

Thursday, June 14, 2007

Forbrukarspalta: Lus i håret på lykketroll


Vi har tidlegare - for ein ti års tid tilbake - tatt opp problemet med lus i håret på lykketroll. Vi har no fått indikasjonar på at vi tok noko lett på problemet sist. Då lykketrollet (frå 1966) nyleg var inne på sørvis, blei det slått fast at dei små krypa som atter hadde gøymt seg i håret ikkje var lus, men nokre brunaktige åme-liknande kryp. Uansett, særleg apppetittlege er dei ikkje, og dei må berre fjernast. Invester i eit middel mot brunaktige åmer og andre kryp i ein fargehandel. Å setje fyr på heile håret er utan tvil effektivt, men eit skalla lykketroll er vel ikkje akkurat det du hadde tenkt deg? Særleg når det gjeld eitt som har tent deg trufast gjennom nærmare førti år.
(Bildet er sjølvsagt ikkje det autentiske lykketrollet, men eit simpelt illustrasjonsfoto.)

Monday, May 28, 2007

Spørsmål og svar


Sidan Fiskerens venn har opparbeidd seg eit rykte for å ha svar på det meste, kjem det også inn stadig fleire spørsmål. Det siste er frå ein lesar som lurer på: Kor stor var eigentleg Solfrid "Winnie" Heier i Polen? Går ut frå at dette (t.v.) kan vere ein liten indikasjon.

Sunday, May 20, 2007

Godt å tenkje på

Alle desse er no på Facebook.

Wednesday, May 9, 2007

Kva er den finaste sommarlyden?

Lyden av ein pungdjevel i doggvått gras.

(Om lesarane kjenner på seg at dei veit om endå finare sommarlydar, så har dei no sjansen til å bevise det.)

Friday, May 4, 2007

Livet og det heile



Det har vore litt stilt her ei stund, men kva gjer vel det? Litt stillheit har ingen vondt av. Så høyrer ein lettare susinga i vassrøyra og forfedranes tunge steg over loftsplankane. Eg har vore opptatt med mi eiga bursdagsfeiring eit par veker, men no er det jamt slutt. Litt skuffa over at foreldra mine gløymde dagen denne gongen også, ein kjem visst aldri heilt over slikt, sjølv om ein ikkje forventar seg noko.

Jamt slutt trudde eg også det var då eg her om kvelden fekk besøk av denne karen (bildet over). Det blei ein litt tvungen samtale, han hadde ikkje så mykje å by på, eg slapp fort opp for underhaldande anekdotar, og blei eigentleg litt sjokkert over at eg har så få på lager. Etter kvart forstod eg at det ikkje var noko spesielt han ville, utover å ha nokon å prate med ei stund. Og då vi hadde site der nokre timar til og kommunikasjonen ikkje hadde tatt seg opp i nemneverdig grad, bad eg han berre om å gå, noko han då òg gjorde. Dette besøket burde truleg ha mant til litt ettertanke, men kan vel ikkje seie at det gjorde det.

Sunday, April 15, 2007

Wednesday, April 11, 2007

Draumespalte

Vi opnar med dette ei lita draumespalte, der også eventuelle lesarar (med unntak av Haldor) kan få leggje fram draumane sine, om dei ikkje er for usømmelege. Her er ein draum eg hadde for to netter sidan:

Eg drøymde at eg var tilsett hos Dolly Parton, eg var hennar fortrulege og gav henne m.a. råd når det galdt klede. Alt var i grunnen heilt fint, men problemet var mannen hennar. Han var ein svært hissig og brutal fyr. Og ein dag hadde han kjøpt ein heil haug med kjolar til Dolly, den eine meir smaklaus og glorete enn den andre. Dette kjende eg det som mi plikt å seie i frå om, og no visste eg også at mine dagar i Dolly Parton-huset var talde. Eg måtte berre stikke av så fort som råd, noko eg då også gjorde. Eg busette meg hos ein lege i same bygda, men såg aldri Dolly Parton meir.

Saturday, March 24, 2007

Ei dyrekjøpt erfaring


Etter å ha stått og venta i fire dagar, gjekk det endeleg opp for meg at onkel Olav hadde lurt meg grundig. Det fanst ingen buss. Og når det no var slik, så fanst det kanskje heller ikkje nokon verden å dra ut i.

Friday, March 23, 2007

Lykkeleg øyeblikk

Sidan det er fredag kveld, kan det passe å minne om truleg det lykkelegaste øyeblikk i Kirsti Sparboes karriere. Eg utfordrar gjerne lesarane til å kome med eitt som er endå lykkelegare. Trur det skal bli vanskeleg. Men trist å tenkje på at berre nokre minutt seinare blei den gode stemninga øydelagd av ein tv-debatt.

Thursday, March 22, 2007

Forbrukarspalta: Vi testar Vegard Ulvang-sokken




Når ein går gjennom klesskåpet sitt er det mangt som kan kome for ein dag, t.d. eit par ubrukte Vegard Ulvang-sokkar. Ein spør seg: Kor kjem dei frå? Kven har lagt dei der? Og då svaret ikkje kjem, tenkjer ein at dette kan jo kome verda til nytte. La oss teste sokkane.
Resultatet ser slik ut: Sokkane er relativt varme, det skal dei ha. Såleis kan dei ha sin funksjon om ein skal ut ei vinternatt, slik at ein kan fortelje at ein har vore ute ei vinternatt før. Men sokkane har også eit like klart minus: dei er for lange i tåa. Særleg den høgre. Slik at tåa på sokken blir liggjande i ein slags tull mot innsida av skoen. Slett ikkje så behageleg.
Alt i alt må det seiast at Vegard Ulvang enno er undervegs som sokkefabrikant, og at han førebels er (var) betre til å gå på ski enn til å lage sokkar.
(Er det forresten ikkje eit paradoks at skiløparar og andre idrettsmenn kastar seg inn i motebransjen? Det er då ikkje rekna som spesielt mandig?)

Monday, March 19, 2007

Fleire pungdjevlar

Pungdjevel som høyrer lyden frå ein heime åleine-fest han ikkje er invitert på.

Pungdjevlar - betre enn sitt rykte?


I tida framover skal vi ta for oss mangt og mykje, ikkje minst pungdjevlar, sidan det var eit ufråvikeleg krav frå sponsorane då eg starta dette her. Det skal ikkje koste meg så mykje, og vi begynner her:
"Pungdjevlane syng tradisjonelle pungdjevelsongar rundt leirbålet."

Wednesday, March 14, 2007

Forbrukarspalta: Test av margarita-mix

Flaskene med margarita-mix står sentralt plasserte i hyllene på Meny, så dei er lette å finne. Det er naturleg å kjøpe minst to. Dei har ein tendens til å bli ståande ei stund i kjøkkenskåpet, men før eller seinare kjem den dagen då du kastar eit blikk på flaskene og tenkjer: Heisann! Der står det jo to flasker margarita-mix! Kanskje i dag er ein god dag for å prøve dei?
Du treng også ei flaske tequila, men det har du no gjerne ståande. Så kjem den store augneblinken: Du skal blande tequilaen med margarita-mixen! Du les på etiketten at blandingsforholdet er 1 til 1, så dette er noko dei fleste kan klare utan å spørje ekspertar til råds. Det finst spesielle margarita-glas, men du skal ikkje miste motet om du ikkje har slike i huset. Eit vanleg kjøkkenglas gjer same nytten, ja sjølv ein kaffikopp kan brukast (men ver varsam dersom du tar ein lettknuseleg kopp med stor affeksjonsverdi). Begynn med å leggje ein isbit av passe storleik i glaset (det står knust is på etiketten, men det kan du drite i). Fyll så glaset halvt opp med margarita-mix og deretter like stor mengde tequila. Kjennarar vil gjerne ha litt salt rundt kanten av glaset, men dette vil vi eigentlege frårå. Det er vanskeleg å få saltet til å liggje stille, det vil lett ramle ned i drinken, og det er ikkje meininga. Så er det berre å smake. Du tenkjer at det kanskje ikkje er det beste du har smakt, men det går no ned. Når du så har fylt opp neste glas, merkar du at denne gongen smaker det betre. Når du er komen til det åttande glaset kan du berre fastslå at dette var jo riktig godt, og her er det berre å halde fram. Vi har dermed konkludere med at margarita-mix er eitt av desse produkta som vinn seg ved nærmare bekjentskap.
Neste morgon vil du kanskje vakne med ei kjensle av at du ikkje har så lyst å gå på jobb, og det kan vere eit fint høve til å ta seg ein dag fri.

Sunday, March 11, 2007

Vanleg spørsmål

Ofte får eg spørsmålet: Kor blei det eigentleg av Solfrid "Winnie" Heier? Vel, her er ho (t.v.).

Tuesday, March 6, 2007

Eg gløymer det aldri


Mens eg gjekk der var det som eg høyrde røysta til Anton, den gamle klassekameraten min, som ropte på meg. Men i staden for å stoppe og høyre kva han eventuelt hadde å seie meg, skynda eg meg vidare og stansa ikkje før eg kom til nærmaste kafé. Men i dag angrar eg og tenkjer ofte at kanskje kunne livet mitt vore annleis om det verkeleg var Anton eg høyrde den gongen og eg ikkje hadde hatt så dårleg tid.

Sunday, February 25, 2007

Kveldstankar


Eg lurer på kva Kirsti Sparboe driv med på ein kveld som denne?

Vi blar i arkivet


Friday, February 23, 2007

Pippi-nytt

I nærmaste framtid skal vi ta for oss enkelte av dei mindre kjende sidene ved Pippi Langstrømpe.

Thursday, February 22, 2007

Eit møte

Han spurde kva eg var for ein kar og kor eg hadde tenkt meg og om eg tilfeldigvis hadde ein kjærast, og eg skjønte at uansett kva eg svarte så ville det bli feil. Eg blei derfor ganske letta då eg høyrde nokon rope på meg at eg skulle kome heim til middag.

Wednesday, February 21, 2007

Tilbake til kvardagen

Eg er tilbake frå ferie, og eg må seie det var eit nedslåande syn som møtte meg. Det at kaffitraktaren stod på og at det var ei uhumsk lukt overalt var no det minste. Verre var det å måtte fastslå at Haldor, som eg har kjent i alle år, ikkje duger til noko som helst. Han har no fått sparken permanent, og tanken om å få gifte seg med søster mi ein gong i juli kan han no berre gløyme. Eg trur at ting skal vere i gjenge att ganske snart og håper lesarane vil bere over med dette uheldige intermessoet.

Saturday, February 10, 2007

Ferie

Fiskerens Venn tar to vekers ferie. Kontoret vil likevel halde ope dei fleste dagar, og assistenten min, Haldor, som eg har all muleg tillit til, vil nok ta seg av dette paa beste vis.

Monday, January 29, 2007

Ein uhyggeleg stad


Akkurat her sa far min noko så forferdeleg stygt til meg at eg framleis, meir enn tretti år etter, blir fylt med uhygge når eg går forbi.

Saturday, January 27, 2007

Eit kjent fenomen


Dei fleste har vel opplevd det same, ein finn eit vakkert motiv, t.d. av Lusterfjorden, ein stiller inn, og straks kjem ein idiot med ryggsekk og stiller seg framfor og øydelegg alt saman.

Friday, January 26, 2007

Ein av dei dagane

Eg håpte i det lengste at det berre var ein draum, men etter to koppar kaffi skjønte eg at eg var vaken. Eg sa: "Sei noko!" Men ikkje eit svar.

Monday, January 15, 2007

Sponsorane mine


Ein sommardag då dei ikkje hadde så mykje å gjere på.

Saturday, January 13, 2007

Oppsummering så langt

Etter fem dagar er det vel tid for å oppsummere erfaringane så langt. Og vi tilstår at vi har vakla mykje, mellom tvil og tru. Eit spørsmål som har meldt seg gong på gong er dette: Er det nokon vits i? Vil ikkje det mest miskunnsame vere å slette denne bloggen? (Det var kanskje to spørsmål, men det gjer vel ingenting.) Men så har vi tenkt på alle dei som har hatt tillit til oss, dei som har sendt oss ganske betydelege pengegåver, og dei som har tatt oss med i bønene sine. Det siste har vore avgjerande, og vi kan i dag, på 20.-dagen, melde at Fiskerens Venn held fram. Iallfall inntil vidare.

Tuesday, January 9, 2007

Monday, January 8, 2007

NETTVERKET MITT


ÅTVARING

Dersom du kan lese dette, har det skjedd ein alvorleg feil.