Tuesday, August 28, 2007

Eit minne


Eg hugsar den dagen onkel Harald dukka opp att, etter å ha vore borte i fire år utan å gi frå seg eit livsteikn. Han gjekk rett på rommet sitt og la seg og sa vi berre kunne setje inn mat til han gjennom sprekken under døra. Men sprekken var altfor smal.

39 comments:

Anonymous said...

Nåja, det var nok bare noe dere sa etterpå, tenker jeg. Var det ikke dere som var så glad i flatbrød, da? Men det var vel før, det. Vi tenkte nok vårt da dere jula etter ikke hadde flatbrød til lutefisken. "Flatbrød?" sa dere da, "hva er vel det?" (Han hadde vært i Zanzibar, Gammel-Harald, og der slapp det ut av dere, synda vil ut, synda vil ut.)


Haralda d.a.y

Anonymous said...

Pannekaker kunne de kanskje få gjennom sprekken? Det er veldig godt.

Anonymous said...

Ja, pannekaker er godt. Særlig med blåbær og sukker på. Men kanskje litt vanskelige å SKYVE?

Man kan jo ta fram en gammel LP-plate og legge pannekaka på. Da gikk det sikkert bra. Men det veit nok ikke du hva er, Knøttet. Grammfonplater. Gikk rundt og rundt.

Bill.mrk.susete i hue

Anonymous said...

Kva med nøkkelholet? Onkel Harald kunne jo berre sitte med munnen på vidt gap under nøkkelholet og surkle i seg brentsnut eller gloheit sodd (berre sodet og ikkje grønsakene eller kjøtet altså). Det ville nok stoppe kjeften på gamleHaralden. Eller så kunne han no berre ligge der inne. Las i avisa at ei gammal kone på 92 år vart funnen mumifisert i ei leiligheit i Wien (byen med alle konditoria veit du - eit eldorado for gamle søthungrige koner som orkar å gå ut)der ho budde saman med datra si på 54 om eg minns rett. Kan mumifisering vere vegen å gå for onkel Harald? Må berre hugse på å skru opp varmen. Skikkeleg mumifisering krev litt stødig varme, rundt 25 grader eller så.

Filifjonka

Anonymous said...

men det alt dette er jo ikkje berre sprekken under døra slik onkel Harald sa det måtte vere?

dersom denne onkel Haralden er slik som min onkel Harald, må ein ikkje finne på å ikkje gjere akkurat som han seier, dersom eg hadda hatt ein onkel Harald.

fanabu

Anonymous said...

Nei, for han kan jo finne på å stå bak døra når man åpner (gir etter for medynk osv) og så ligger en der! Og kan være den som blir mumifisert.

Muuoooahahahaha!

Stinky

Anonymous said...

ekkelt

Anonymous said...

Det har eg ikkje tenkt på - at onkel Harald kan vere ein slik slu og utspekulert jævel at han gøymer seg bak døra og uff dette vil eg ikkje tenke på ein gong.
Fy for onkel!

Filifjonka

Anonymous said...

Jeg syns dere spekulerer veldig her nå. Kan dette virkelig være nødvendig?

Anonymous said...

altså, om ein skal kome med kritiske merknader skal ein i det minste gje seg til å kjenne. dessutan, heilt uavhengig av alle spekulasjar, så henger det noko underleg og tvilsamt over ein onkel harald

Anonymous said...

Eg tenkte kanskje ein kunne legge pannekaka på eit kort med nokre hyggelege ord. Og så skyve. Men...eg kjenner ikkje Harald og veit ikkje kor han hadde reagert.

Eg seier meg lei for det med pannekaka.

(eg tenkte berre at eg ville blitt glad om det var eg som..., men...)

Anonymous said...

hadde onkel harald endra seg stort på dei fire åra?

Anonymous said...

Han var liksom blitt litt brunaktig. Som papir. Bakepapir, kanskje? Av den brune typen. Og så var det denne blå billen som han holdt i hånda, da. Nei, jeg for min del toer henda mine. Enda jeg ikke tok på'n engang.

Fjern slektning

Anonymous said...

Sume gongar kan kvar og ein av oss føle oss som ein onkel Harald - sepiabrun og papiraktig.
Sukk!

Anonymous said...

Det er noe gjemt her. Harald. Harald Blåtann. Bluetooth. Jeg sier ikke mer. Hvem tør ÅPNE DØRA!

Fru Mummi

Anonymous said...

onkelen din minner meg om en jeg kjenner. han heter ikke tilfeldigvis klump?

Anonymous said...

Og så var det Dr. H som vart borte. Håper han er i betre humør enn Harald når han kjem att. Om han kjem att, då. Det kan forresten vere det same med heile heimkominga dersom han har tenkt å legge seg føre, han også, spør de meg.

Anonymous said...

Eg vil ikkje på nokon måte støyte deg, Tordis, men kanskje ingen treng å spørje deg om akkurat det. Vi kan spørje deg om andre ting, kanskje.

Eg synest på ein måte det er betre med ein mutt onkel på soverommet enn fleire lystige onklar heilt utanfor rekkevidd, om du forstår.

Og det gjeld i grunnen alle som forsvinn, onklar eller ikkje...

Anonymous said...

Heimkomingar er ofte farlege og familiedisruptive.

Anonymous said...

Jeg er mer vant til mutte onkler på soverommet enn lystige onkler andre plasser, men når jeg tenker over det er jeg ganske vant til mutte onkler i det hele tatt.

Når onklene begynner å bli lystige er det at man skal passe seg, det er min erfaring. (Hvor har de gjemt whiskykassene sine, liksom).

Filifjonkas tremenning

Anonymous said...

Mykje klokt å lese her ja. Veit ikkje heilt kva eg skal meine, men eg trur vil halde ein knapp, brun plast med fire hol, på at Dr. H bør innfinne seg snarast og gjere sitt her. Ikkje det fornødne nei. Onkel eller ikkje onkel... Onkel Harald kan berre sture vidare på romet sitt. Regjeringa ser ikkje ut til å bry seg om det. No gler vi andre oss berre til å lese all slags drit om Hr Ordførar Stang. Ja, ja og nokon hevdar at verda går framover. Neppe!

Filifjonka

Anonymous said...

Håhåjaja, vi veit vel hva Dr.H tar seg til! Sitter på kneiper, røyker sigarer og hører båtene ule. Men de har gått! Stol på meg, jeg er en gammel mann!

Onkelskruttet

Dr. H said...

Javel, eg ser at dette held på å skli heilt ut, så eg seier dykk: Eg er snart tilbake! (Jubelrop i det fjerne.) Og onkel Harald heiter definitivt ikkje Klump!

Anonymous said...

(eigentleg trur eg kanskje at det var det eit jubelrop i det nære du høyrde, berre at eg er så liten...)

Anonymous said...

Eit jubelrop er då vel for farken eit jubelrop, same kva distanse og storleik ein opererer med?

Eg for min del vil no sjå an dette her.

Anonymous said...

Ja, er det noe jeg vil, så er det å sjå an. Jeg mener, det er noe jeg i alle fall kan.

(Unskyld meg, men jeg har så dårlig selvbilde for tiden! Snufs. Og altfor store filttøfler).

Anonymous said...

Eg forstår ikkje heilt dette problemet med mutte onklar. Tru meg, i tider som desse er det mykje verre med overstadige bergensarar.

Anonymous said...

Jeg trodde i grunnen det var flust med mutte onkler på strilelandet.

Akkurat som det er flust med overstadige bergensere i Bergen. Man må bare sørge for å holde Brann nede i 3.divisjon, så de får det nødvendige kalde vannet i blodet.

Mouahahahaha!

Bergensbrud

Anonymous said...

Ja, det er jo lett å halda Brann nede... når det er så mange strilar med og styrer laget. Då må ein jo berre vinna, so e no da.

Eg har ikkje sett snurten av ein einaste mutt onkel, og eg har ein ti-tolv sjølv. Så den går ikkje, du.

Anonymous said...

De ligger vel på bakrommet alle sammen, ha ha ha. Det er vel sånn dere har det hos dere.

(Og det er lett nok å kalle seg October, men jeg tenker du bare er en strilafrekking fra Frekhaug!)

Frk. Snork

Anonymous said...

Eg trur Dr H ligg på bakrommet. Ja det trur eg faktisk.

Filifjonka

Anonymous said...

Så det var aldri onkel Harald, nei? Skulle ikke forundre meg. Han har vel den gamle platespilleren med seg, da. Og kommer nok ikke ut med det første.

Hemulens kusine

Anonymous said...

Og Dr H ligg og veltar seg i champagnerus på eit bakrom i Bergen, kjenner eg han rett. Han kjem vel ikkje ut med det første han heller. Han underheld seg nok, mellom store slurkar rett frå flaska, med å sjå på eit dårleg opptak av denne sokalla Vestlandsrevyen, grmpfff.

Filifjonka

Anonymous said...

Gugelet sier "heilt til jul". Neimen stakars doktor, då!



Berte på åsen.

Anonymous said...

så dr. h er i bergen? skal tru om ikkje fleire tek turen, no som det har vorte kjent.

Anonymous said...

Så Dr. H må ligge borte i Bergen og drikke heilt til jul?

Filifjonka

Anonymous said...

Så Dr H er i Bergen... Då er eg heime åleine og kan gå på kjøkkenet og finne meg noko mat, om Dr H har anna enn flaskefor i skapa sine... Eg er svolten etter all den sturinga på romet mitt og mat har det jo ikkje blitt fordi dørsprekken er for smal. Håper berre at Dr H har vett til å halde seg unna ei god stund framover.
Lurte du på kvifor eg har gøymt meg på rommet mitt? Enkelt og greitt for at eg synest Dr H kan finne andre inspirasjonskjelder til sine såkalla vestlandske arketypar. Eg nektar å vere med i ei einaste bok til som vestlandsk arketyp. Ein bør la onklane få fred.

Onkel Harald

Dr. H said...

Arrgh!!! Dersom du er onkel Harald, så er eg Karl Erik Harr. Men no må det bli ein slutt på alt saman, og eg nyttar dette eineståande høvet til å takke deg, Knøttet, for all støtte i desse tunge tider.

Anonymous said...

Åh, eg...sjølv takk...eller altså, inga årsak. Det...

Fint at du kom attende.