Saturday, March 24, 2007

Ei dyrekjøpt erfaring


Etter å ha stått og venta i fire dagar, gjekk det endeleg opp for meg at onkel Olav hadde lurt meg grundig. Det fanst ingen buss. Og når det no var slik, så fanst det kanskje heller ikkje nokon verden å dra ut i.

Friday, March 23, 2007

Lykkeleg øyeblikk

Sidan det er fredag kveld, kan det passe å minne om truleg det lykkelegaste øyeblikk i Kirsti Sparboes karriere. Eg utfordrar gjerne lesarane til å kome med eitt som er endå lykkelegare. Trur det skal bli vanskeleg. Men trist å tenkje på at berre nokre minutt seinare blei den gode stemninga øydelagd av ein tv-debatt.

Thursday, March 22, 2007

Forbrukarspalta: Vi testar Vegard Ulvang-sokken




Når ein går gjennom klesskåpet sitt er det mangt som kan kome for ein dag, t.d. eit par ubrukte Vegard Ulvang-sokkar. Ein spør seg: Kor kjem dei frå? Kven har lagt dei der? Og då svaret ikkje kjem, tenkjer ein at dette kan jo kome verda til nytte. La oss teste sokkane.
Resultatet ser slik ut: Sokkane er relativt varme, det skal dei ha. Såleis kan dei ha sin funksjon om ein skal ut ei vinternatt, slik at ein kan fortelje at ein har vore ute ei vinternatt før. Men sokkane har også eit like klart minus: dei er for lange i tåa. Særleg den høgre. Slik at tåa på sokken blir liggjande i ein slags tull mot innsida av skoen. Slett ikkje så behageleg.
Alt i alt må det seiast at Vegard Ulvang enno er undervegs som sokkefabrikant, og at han førebels er (var) betre til å gå på ski enn til å lage sokkar.
(Er det forresten ikkje eit paradoks at skiløparar og andre idrettsmenn kastar seg inn i motebransjen? Det er då ikkje rekna som spesielt mandig?)

Monday, March 19, 2007

Fleire pungdjevlar

Pungdjevel som høyrer lyden frå ein heime åleine-fest han ikkje er invitert på.

Pungdjevlar - betre enn sitt rykte?


I tida framover skal vi ta for oss mangt og mykje, ikkje minst pungdjevlar, sidan det var eit ufråvikeleg krav frå sponsorane då eg starta dette her. Det skal ikkje koste meg så mykje, og vi begynner her:
"Pungdjevlane syng tradisjonelle pungdjevelsongar rundt leirbålet."

Wednesday, March 14, 2007

Forbrukarspalta: Test av margarita-mix

Flaskene med margarita-mix står sentralt plasserte i hyllene på Meny, så dei er lette å finne. Det er naturleg å kjøpe minst to. Dei har ein tendens til å bli ståande ei stund i kjøkkenskåpet, men før eller seinare kjem den dagen då du kastar eit blikk på flaskene og tenkjer: Heisann! Der står det jo to flasker margarita-mix! Kanskje i dag er ein god dag for å prøve dei?
Du treng også ei flaske tequila, men det har du no gjerne ståande. Så kjem den store augneblinken: Du skal blande tequilaen med margarita-mixen! Du les på etiketten at blandingsforholdet er 1 til 1, så dette er noko dei fleste kan klare utan å spørje ekspertar til råds. Det finst spesielle margarita-glas, men du skal ikkje miste motet om du ikkje har slike i huset. Eit vanleg kjøkkenglas gjer same nytten, ja sjølv ein kaffikopp kan brukast (men ver varsam dersom du tar ein lettknuseleg kopp med stor affeksjonsverdi). Begynn med å leggje ein isbit av passe storleik i glaset (det står knust is på etiketten, men det kan du drite i). Fyll så glaset halvt opp med margarita-mix og deretter like stor mengde tequila. Kjennarar vil gjerne ha litt salt rundt kanten av glaset, men dette vil vi eigentlege frårå. Det er vanskeleg å få saltet til å liggje stille, det vil lett ramle ned i drinken, og det er ikkje meininga. Så er det berre å smake. Du tenkjer at det kanskje ikkje er det beste du har smakt, men det går no ned. Når du så har fylt opp neste glas, merkar du at denne gongen smaker det betre. Når du er komen til det åttande glaset kan du berre fastslå at dette var jo riktig godt, og her er det berre å halde fram. Vi har dermed konkludere med at margarita-mix er eitt av desse produkta som vinn seg ved nærmare bekjentskap.
Neste morgon vil du kanskje vakne med ei kjensle av at du ikkje har så lyst å gå på jobb, og det kan vere eit fint høve til å ta seg ein dag fri.

Sunday, March 11, 2007

Vanleg spørsmål

Ofte får eg spørsmålet: Kor blei det eigentleg av Solfrid "Winnie" Heier? Vel, her er ho (t.v.).

Tuesday, March 6, 2007

Eg gløymer det aldri


Mens eg gjekk der var det som eg høyrde røysta til Anton, den gamle klassekameraten min, som ropte på meg. Men i staden for å stoppe og høyre kva han eventuelt hadde å seie meg, skynda eg meg vidare og stansa ikkje før eg kom til nærmaste kafé. Men i dag angrar eg og tenkjer ofte at kanskje kunne livet mitt vore annleis om det verkeleg var Anton eg høyrde den gongen og eg ikkje hadde hatt så dårleg tid.