Monday, January 7, 2008

Samtale i januar


- Er det sant det dei seier at Fiskerens Venn jubilerer i dag?
- Det er visst det.
- Herre min hatt som tida går.
- Mhm.
- Og elles då?
- Nei, det er vel mykje det same.
- Kjerringa har litt hofteproblem?
- Ja, men det var verre i fjor. Men klagar, det gjer ho.
- Ja ja. Men vi kan vel ikkje bli ståande her.
- Nei, det er vel så det. Hugsar du Anton, forresten?
- Kan vel ikkje seie det.
- Nei nei.


15 comments:

Anonymous said...

Jau, Anton er han gamle grinebitaren som alltid går med filthatt fordi han synest det gir han litt klasse. Hahahaha. Ein gammal uformeleg filthatt som hadde passa best på eit fugleskremsel. Det er Anton det ja. Anton med hatten som eg alltid pla seie... Ein mann med hatt ja.

Anonymous said...

Han er forresten gammalonkelen til onkelen min. Eller noko slikt- Gammal er Anton i alle fulla fall!

Filifjonka

Anonymous said...

og kva for eit namn er eignetleg Anton?

Anonymous said...

Eg trur ikkje Anton er so viktig. Det er heller ikkje mykje til namn. Namnet Albert har eg derimot alltid hatt ein viss godhug for.

skoddekonsulenten said...

takk albert.
det var betryggande å vite.

Anonymous said...

Sovidt eg kan skjøne er Anton eit namn på veg ut... Albert der imot er eit namn på strake vegen mot nye høgder...Adolf skal ikkje nemnast ein gong...

Filifjonka

skoddekonsulenten said...

og eit spørsmål til: kvifor går det breiddevis med tid før nye innlegg vert posta her på bloggen? samhald saknast.

Anonymous said...

det er fordi eg så gjerne vil ha flest mogeleg kommentarar, vesle skoddekonsulent

Anonymous said...

Er verkeleg skoddekonsulenten så "vesle"?
Er dette berre insinuasjonar eller kjenner "bestemor" skoddekonsulenten personleg og difor kan seie trygt at han eller ho er "vesle"?

Helsing frå vesle Filifjonka som også vil ha meir samhald - hist og pist og overalt!

Anonymous said...

Forresten så burde Dr. H ha betre stil enn å kalle seg "bestemor"...Dr H blir vel aldri noka bestemor??????

Grmph
Filifjonka

Anonymous said...

Jada - eg skjøna sjølvsagt at det er ulven! (Om nokon lurte)

Filifjonka jegar

Anonymous said...

Det er fint å tenkje på at også fuglar kan bli ståande lenge å tale saman.

Anonymous said...

I går talte eg 34 duer utanfor kontorvindauget mitt - dei sat og skravla lystig på ei lang leidning. Eg kunne sjå at det var god stemning, mykje lått og vellyd og ingen polsk riksdag å spore... Men så kom trikken...

Anonymous said...

eg korkje kjenner eller er filifjonka, og eg har heller ingenting med doktoren å gjere (ikkje den doktoren, i alle høve), eg berre lest som. men eg veit kven knøttet er.

Anonymous said...

Men no har fuglane stått på same staden og tala saman så lenge at eg byrjar få litt attelet for dei og lurer på om alt verkeleg er som det skal. Burde dei ikkje tenkje litt på reirbygginga?

Knøttet