Saturday, February 23, 2008

Ein skandale

Litt lite oppdatering her? Eg har vore på ei lengre forretningsreise og overlet oppdateringa til eit velrenommert firma, Oppdateringsgutta, som fleire i slekta mi har skrytt av. Og dei var hyggelege på telefonen, og alt verka i sin skjønnaste orden. Men kva har skjedd? Ikkje mykje oppdatering iallfall, så mykje kan ein vel seie. Og det er vel siste gong eg skal delegere ansvar for noko som helst, og Oppdateringsgutta er for alltid svartelista her i garden. Det er nesten så eg tenkjer med vemod tilbake til den tida då Haldor vikarierte på kontoret, og då har ein jaggu kome langt!

17 comments:

Anonymous said...

Oppdateringsgutta? Var det det de kalte seg, de satt med beina på bordet og spiste noe slags blaute pizzagreier og drakk øl. Jeg var bare innom en tur for å mate kråkene, de sa de skulle pusse opp eller noe. Særlig pusse opp! Smuler og fettet papir overalt.

Hemulens kusine

Anonymous said...

Ja, eg har no alltid meint at skal noko gjerast må eg gjere det sjølv. I alle fall om det skal gjerast skikkeleg. Vel, eg trur kanskje at Oppdateringsgutta er betre enn meg på eting av mjuk og slafsen fysnemat, rot og sulk, men ellers slær eg dei ned i dei upussa skorne deira i det meste ja. Og til gode Dr. H vil eg berre seie at eg vonar at forretningane gjekk bra då så ikkje alt har gått til hundane...
Filifjonka

Anonymous said...

He he, det var jagu gøy så lenge det varte! Sprit i skapet og gratis surfing på nettet. (Stryk de verste bokmerkene).

Raaap!

Grandisgutta

Anonymous said...

Men kvar ER Haldor då? Kan ikkje han kome tilbake?

Filifjonka som aldri et Grandiosa

Anonymous said...

Haldor?! Han som hadde så utrulig mange potteplanter, og vanna dem hele dagen! Han som kortslutta den gamle PC'en? Nei, han skal vi bare være glad tok kvelden. Om det var den han tok. Noe var det.

Nappetass nr. 14

Anonymous said...

He he he he he! Noe var det, ja. Haldor var morsom. Veldig spiss nese. Noe for nappetasser, he he he he he!

Nappetass nr.7

Anonymous said...

Nappetass? Kva er ein nappetass? Om Haldor var morosam, eller hadde spiss nase, eller vatna potteplanter heile dagen og kortslutta gamle PC'ar - det veit eg ikkje - eg har berre kortidsminne :-) Men eg veit sopass at slike som Oppdateringsgutta er ikkje til å stole på - dei berre tar pengane og legg beina på bordet og gaflar inn alt dei finn som kan etast og kniser slik berre guttar kan knise. Og etterlet seg fint lite anna enn rot og smular over heile golvet. Nei, det må nok kvinnfolk til! Så mitt tips til Dr. H er at neste gong han skal overlate ansvaret til nokon - så får det bli til kvinnfolka! Nappetass eller ikkje!

Ansvarleg helsing Filifjonka

Anonymous said...

I dag såg eg ein krokus.

Knøttet

Anonymous said...

Så fint Knøttet!
Eg såg søte små kvite snøklokker i går. Dei dingla så fint i vinden med sin søte små hovud. Eg likar også krokus - i alle fargar. No er eg lei av vinteren som aldri kom skikkeleg i gong...
Ja til krokus!!!

Våryr Filifjonka

Anonymous said...

Ja til krokus. Men i dag morges lå alle snøklokkene på trynet utover plenen. De reiste seg etterpå, asse.

Hilsen fra u-skogen,
Hattifnattene, samlet.

Jorunn Solli said...

Det må være normoppløsningen i vår tid som har rammet Opptateringsgutta. På 50-tallet derimot (da Haldor var ung) var arbeidsmoralen på topp. Da holdt man ord (om man så måtte selge sin gamle mor eller gå over lik). Da solgte man ikke skinnet før Bjørnen var skutt...

Anonymous said...

Normoppløysing eller ikkje. No ventar påskefjellet og hyttekos. Våte skisokkar og klissete anorakkar og ditto luver skal hengast til tørk framfor peisen og lukte ille i ei trong hytte med altfor mange folk i. Hundar og ungar skal herje rundt på golvet mellom føtene hennar mor som stavrar seg rundt og prøver å få mat inni alle svoltne munnar. Jaudå, påska kjem i år også.

Påskeklem frå fjolset til fjells -
Filifjonka

Anonymous said...

Alle tar nickene mine her.

*trekker meg stille ut*

Anonymous said...

Å ja? Er du Haldor, kanskje? Da er mye forklart.

Anonymous said...

Ja, no er det nok ein skandale her - ingen oppdatering sidan før påske... kven skal dr H skulde på denne gongen skal tru? Oppdateringsgutta? Halldor? Eller seg sjølv.... Neppe det siste...

Filifjonka

Anonymous said...

plag ikkje dr. h no. han driv med hemmelege selskap for tida, og elles skal han førebu seg på skrekkelege ting. seiast det.

anonym overvakar

Dr. H said...

Å, ein skal ikkje tru på alt som blir sagt. Men "Plag ikkje dr. H no" er ei god retningslinje.