Tuesday, November 27, 2007

Nattleg møte

I natt vakna eg av at bestefar min stod attmed senga.
- Kva gjer du her? sa eg.
Han såg på meg med eit glasaktig blikk og sa:
- I det siste har eg begynt å tenkje på alt eg gjekk glipp av mens eg framleis var i live. Om eg kanskje var for streng med meg sjølv.
- Det er vel litt seint å tenkje på det no, sa eg.
Då sukka han djupt og svarte:
- Du har rett i det. Det er vel litt seint no, ja.
Så blei han borte, og eg sovna ganske fort att. Og då eg vakna i dag tidleg, hadde eg truleg gløymt alt saman om det ikkje var for den svake lukta av pipetobakk som hang att i rommet.

30 comments:

Anonymous said...

Nikotin forbetrar hugsen!
Ja, du hadde ikkje hugsa det om bestefar din togg skrå, snusa eller haldt seg unna all tobakk...

Filifjonka

Anonymous said...

Så kan du trøyste deg med at akkurat DU har jo ikkje gått glipp av så veldig mykje. Det manglar vel eit par glas med gamal, lagra grappa, kanskje? Eller litt begisk øl, eg er kome ut av tellinga.

Onkelskruttet

Dr. H said...

Litt belgisk øl, ja, så tenkjer eg vi er der.

Anonymous said...

Grolsch ja

Filifjonka

Dr. H said...

Palm tenkte eg meir på.

Anonymous said...

fanabu er ikkje utlending nok til å vite kva det er. belgisk øl, altså. trist, sørgjeleg og elendig. finst det noko anna ute i verda som fanabu treng?

Anonymous said...

Ja, Palm er nok meir i di gate. Best eg noterer opp både cava og grappa på handlelista mi forresten. Kva ein fanabu treng? Tilgong på godt heimeøl soklart... sidan han ikkje er utlending nok, som han sjølv så fint formulerer det, til å kjenne til Grolsch og Palm. Finst det ikkje ein real vossing her som kan gje han oppskrifta på god gamaldags heimeøl? Ellers vil eg berre rå fanabuen til å ta seg ein tur på ein butikk som sel øl - der kan du finne mykje du kan smake på.
Ja ja

Filifjonka

Anonymous said...

tusen takk filifjonka, du er kjekk! finst der forresten ein filifjonka-blogg også? det hadde vore interessant. men det er ikkje så godt å vite kva Dr. H meiner om slik form for kommunikasjon på denne sida. det er kanskje litt på kanten.

Anonymous said...

Takk og takk! Slik eg kjenner Dr. H så er han ein grei og rett fram kar som ikkje blir sur om bloggen hans blir brukt til velmeint prat med kvarandre. Men om Dr. H skulle ytre seg småsurt til dette så skal eg sjølvsagt ta det til etterretning - eg er jo musikalsk. Min eigen blogg? Diverre har eg berre tid til å blogge på andres bloggar (????) og har altså ikkje min eigen. Nokon må jo kommentere også ellers blir det jo litt einsamt dette bloggestyret.

Filifjonka - kommentator

Anonymous said...

slike ord…det er så fanabu nesten kjem ut av skapet

Anonymous said...

He he (som de sier på internett). Noen og hver kunne jo tenke seg å komme ut av skapet og drikke litt belgisk øl snart, hå hå, jaja.


Onkelskruttets venninne

Anonymous said...

I kveld skal eg ut av skapet og smake på alt i barskapet. Hå hå hå! Skal ikkje bli som bestefaren til Dr. H som plagar barnebarna med å stå ved senga deira midt i natta og sutre over alt han gjekk glipp av i livet. Nei, eg tek ansvar og det synest eg alle andre skal gjere også. Ta for dykk av alt som er godt i livet. Start i dag!
Filifjonka

Anonymous said...

Lurer på om bestefaren min hadde valt meg, av alle barnebarna, om han skulle kome attende å fortelje om vanskeleg ting.

Han hadde sikkert...Det hadde nok vore best han valde nokon annan, men eg hadde vorte frykteleg stolt.

Anonymous said...

Du er inne på noko der Knøttet. Mine bestefedre var jo lagt i havsens grav - lenge før eg kom til verda. Så dei veit jo ikkje kven eg er ein gong. Så eg har nok ikkje nokon grunn til å tru at min nattesvevn blir forstyrra. Nesten så eg blir litt lei meg, kjenner eg. Snufs!

Filifjonka

Anonymous said...

Det må du ikkje verte, Filofjonka! Dersom dei hadde kjent deg er eg heilt sikker på dei hadde heimsøkt deg masse, og fått svært mykje ut av å snakke med deg.

Anonymous said...

kva seier du knøttet; skal vi to kle oss ut som besteforeldre og heimsøke litt saman?

Anonymous said...

Oj. Trur du vi hadde fått til det, då?

Anonymous said...

Å! Tenk så fint om knøttet og fanabuen kunne heimsøkt meg litt nattestid! De er jammen snille de! Eg er viss på at de ville få det til - eg kjenner på meg at de to kan alt de vil :-) Berre tanken på at de ville gjere noko slikt for vesle meg er så eg får tårer i augene fordi eg blir så glad.

Takksam Filifjonka

Unknown said...

Heller knøttet og fanabuen enn henfarne sjøfolk, om de var i slekt med meg aldri så mye!

Klask, klask, klask, klask, oppover trappa. Lukta av tang og tare og fjære sjø, uhuuuuu-u-u-u...

Anonymous said...

Eg meiner ikkje å la nokon i stikken, altså, men eg trur kanskje ikkje eg er akkurat den rette personen til å gå att og slikt. Kanskje eg hadde fått vondt i magen og snudd på trappa, og det ville vore frykteleg dumt dersom vi hadde brukt mykje tid på å kle oss ut og planlegge og gle oss.

Det vert kanskje mest vellukka slikt, når det er ekte bestefedre likevel. Om ein er så heldig å få besøk, då. Eller kanskje kjenner ein seg ikkje så heldig om det verkeleg skjer...

Anonymous said...

Du er klok du knøttet! Tanken var god nok i seg sjølv! Berre tanken på at nokon kunne kome...
Ikkje tenk meir på dette no, knøttet. Eg vil ikkje at du skal ha vondt i magen eller vere nervøs.
Og fanabuen har vel ikkje tid - han skal prøvesmake belgisk øl.

Filifjonka

Anonymous said...

Du vet det, Knøttet, at spøkelser er bare noe som fins inni det lille hodet ditt.

Så der kan du være trygg, altså.

Hemulens kusine

Anonymous said...

Unnskyld, men eg hadde eigentleg helst sett at dei heldt seg på utsida av meg. Då kunne eg helse forsiktig på dei og gå vidare mot bakstvarme kjøkken eller noko anna triveleg. Så lenge dei er inne i hovudet mitt kjennest dei veldig tett på og vanskelege å kome utanom.

Anonymous said...

Kanskje Dr. H kan hjelpe Knøttet?
Han er jo doktor, ikkje sant?

Hallo? Dr.H? Kan du hjelpe?

Håpefull og vyrdsam helsing
Filifjonka

Anonymous said...

Ja, nemlig. Inne i hodet kjens de veldig nære. Alle sammen. De på havet og alle de andre. Takke meg til ufyse som kjenner plassen sin og holder seg UTAFOR! - og der ropte jeg visst på nettet også ...

Hemulens kusine
*lusker seg beskjemmet bort*

p.s

KAN (oj) dr. H hjelpe Knøttet? Kan han?
d.s.

Anonymous said...

fanabuen har god medisin for knøttet, og det er ikkje belgisk øl, nei. no når glattcellelivet slepp taket i fanabuen, skal det syne seg hjelp både på eine og andre måten.

forresten er då heimsøking så mangt. ein kan jo dele opp ordet og sjå kva ein får? men inntil vidare er det anna som krevjer tida her. lovar å vere betre ven, kjære knøttet. og kaffi finst her alltid.

kjære filifjonka; tusen takk for intens og varm omsorg for knøttet, og kjære hemulens kusine det same. på vegner av både fanabuen og knøttet.

helsing fanabu i utypisk humør

Anonymous said...

De må ikkje lage noko styr for min del, altså. Det må i alle fall ikkje sende bod på dokter. Det er mange som er mykje sjukare enn meg. Eg er ikkje sjuk, eg. Dei spøkelsa inne hovudet er nesten ikkje spøkelser i det heile.

Det vert fint når våren og engsoleiene kjem. Då kan ein sitte på trappa og sjå på slikt som er gult.

Anonymous said...

Ja, det blir forferdelig fint.

(Men du kan jo få en hjortebakkels av meg så lenge, rett fra smultgryta og kanskje bare litt rå inni).

Hilsen filijonka som var så reddd for brann i smultgryta, men det gikk nå bra denne gangen også.

Anonymous said...

Hmmmm! Skal tru kva slags Filfjonka det der var? Eg bakar jo ikkje i det heile teke. Men det er jaggu fint at det finst bakande Filifjonkaer også gitt.
Neidå Knøttet! Eg skal ikkje rope etter Dr.H. Dei små spøkelsa du har inne i hovudet ditt skal få vere i fred - i julefred skal dei få vere. Må jo vere plass til dei også. Det er så svinkaldt ute...

Filifjonka (
heilt utan mjøl i håret)

Dr. H said...

Eg beklagar at eg ikkje har tatt ordet før no, men eg kom seint tilbake frå ein legekongress i Motala og rakk såvidt å stele eit kroatisk juletre og pynte det med det eg fann før juleklokkene begynte å kime så eg blei reint fælen. Men det ser jo ut til at alt har ordna seg for både knøtt og andre, heilt utan legehjelp. Og ingenting er vel betre enn det?