Monday, January 19, 2009

Ei hending


Mens eg låg der og høyrde på musikk, kom brått røysta til far min ut av radioen. Han snakka direkte til meg, og han var streng, utan at eg heilt klarte å oppfatte kva slags grunn han hadde til å vere det. Då eg etter ei stund spurde han kva han eigentleg ville, kremta han og høyrdest ut som han blei svar skyldig. Rett etter kunne eg høyre bølgjesus og eit einsleg måseskrik, og så var det igjen Reparata & The Delrons med "Captain Of Tour Ship".

Tuesday, January 6, 2009

Frå den andre sida


Eg drøymde at eg var ein tur innom i dødsriket, og det var mykje som var annleis enn eg hadde trudd. Eg tenkte: Fagottar? Vitsar? Men det mest uventa var å sjå Olav Stedje.

Sunday, December 28, 2008

Romjulsdraum

I natt drøymde eg at nokon (ein prest) snakka om "hosteørna", ein utryddingstruga fugleart. Eg låg på ei lita hylle i kyrkja, ved sida av altertavla, kledd i kinesisk silkepyjamas. Eg begynte å flire og tenkte at det er ikkje rart at ho er utryddingstruga, med den hosten.

Thursday, December 25, 2008

Wednesday, April 16, 2008

Framandgjering

Eg veit ikkje korleis det har seg, men iblant får eg ei kjensle av framandgjering i forhold til Innboksen min. Og eg tenkjer: Kven er alle desse menneska? Kvifor skriv dei til meg? Er det noko dei vil? Ligg det noko under? I slike tilfelle tar eg meg gjerne ein tur rundt i korridorane, og når eg så kjem inn att på kontoret er som regel alt ved det gamle.

Saturday, February 23, 2008

Ein skandale

Litt lite oppdatering her? Eg har vore på ei lengre forretningsreise og overlet oppdateringa til eit velrenommert firma, Oppdateringsgutta, som fleire i slekta mi har skrytt av. Og dei var hyggelege på telefonen, og alt verka i sin skjønnaste orden. Men kva har skjedd? Ikkje mykje oppdatering iallfall, så mykje kan ein vel seie. Og det er vel siste gong eg skal delegere ansvar for noko som helst, og Oppdateringsgutta er for alltid svartelista her i garden. Det er nesten så eg tenkjer med vemod tilbake til den tida då Haldor vikarierte på kontoret, og då har ein jaggu kome langt!

Monday, January 7, 2008

Samtale i januar


- Er det sant det dei seier at Fiskerens Venn jubilerer i dag?
- Det er visst det.
- Herre min hatt som tida går.
- Mhm.
- Og elles då?
- Nei, det er vel mykje det same.
- Kjerringa har litt hofteproblem?
- Ja, men det var verre i fjor. Men klagar, det gjer ho.
- Ja ja. Men vi kan vel ikkje bli ståande her.
- Nei, det er vel så det. Hugsar du Anton, forresten?
- Kan vel ikkje seie det.
- Nei nei.