Sunday, November 25, 2007

Kor kjend er du?

Her kan internettet fort gi deg ein indikasjon. I dag googla eg meg sjølv og fekk ca. 3250 treff. Deretter gjorde eg det same med Dracula og fekk ca. 1.100.000 treff. Av det sluttar eg at eg er ganske kjend, men at eg framleis har litt å gå på.

3 comments:

nyfiken googlar said...

om ein googlar dr. h, får ein ikkje 3250 treff, som her står, men oppunder millionen. eit representativt treff frå høgt på lista:

Jeg har blandingshud, renser med rensemelk fra Dr. H, bruker spesial toner og flytende dagkrem, men huden min skinner noe sinnsykt.

(denne googlaren veit ikkje kva det skal tyde)

Anonymous said...

Eg googla fornamnet mitt og fekk 2 500 000 treff - eg orka ikkje ein gong prøve å lese kva dei skreiv. Dette kan då ikkje vere av det gode? No kjennest eg ikkje så original, spesiell og unik ut lenger... Trur eg treng Dr H's hudkrem og det litt brått!!!!

Nedbroten Filifjonka med blank nasetipp

Håvard said...

Når eg googlar meg får eg 11100 treff. Eg er godt nøgd, men ein god del av desse treffa er nok om min namnebror.