Tuesday, December 25, 2007

God jul!


Vi ønskjer alle lesarane ei god og velsigna jul! Fiskerens Venn-kontoret vil vere delvis stengt mellom jul og nyttår, men det gjer truleg ingenting.

10 comments:

fr.martinsen said...

jo

Tordis said...

På ingen måte.

Arnljot said...

Nei, det er verre med fotballen.

Men det vert noko anna når kunstgrasgenerasjonen for alvor gjer seg gjeldande. Dei karane er for fakerten mentalt budde til å gjere ein innsats heile året.

Eg ser verkeleg fram til det. Verkeleg.

knøttet said...

Eg synest det er fint når det vert stille.

Gledeleg jul.

elis lesebabbel said...

Eg fekk denne helsinga litt seint men eg nyttar høvet til å ynske eit godt nytt år! Eg vonar Dykk held fram i same stil i det neste året og!

Gammal Fiskar said...

Eg tykkjer framleis at layouten var betre før i tida, men som før sagt så har ikkje innhaldet tapt seg noko særleg. Mangt forvitneleg å lesa for oss gamle fiskarar.

Dr. H said...

Vi kan vel ikkje akkurat love at vi kjem til å halde fram i same stilen, men vi kan ikkje love det motsette heller. Og elles er det alltid fint å høyre frå dykk gamle fiskarar.

Anonymous said...

Jeg er desverre ikke gammel fisker, men oldefaren min var. Han har langt, hvitt skjegg på bildet. Hva han hadde i sjarken, vet jeg ikke. Alt er så lenge siden.

Hemulens kusine

Anonymous said...

Godt nytt år til alle gamle og nye vennar, fiskarar og andre havsens kroppar!
No er det endeleg januar att og eg ser fram til eit normalt liv med eit normalt livmål!

Filifjonka

Anonymous said...

Godt nytt år! Jeg skal til min onkel, arrestforvareren, i noen uker. Jeg kan ikke tenke meg at det ikke skal bli (litt) fint. Selv om jeg ikke liker reiser. Og er litt klaustrofobisk.

Hemulens kusine