Monday, March 19, 2007

Pungdjevlar - betre enn sitt rykte?


I tida framover skal vi ta for oss mangt og mykje, ikkje minst pungdjevlar, sidan det var eit ufråvikeleg krav frå sponsorane då eg starta dette her. Det skal ikkje koste meg så mykje, og vi begynner her:
"Pungdjevlane syng tradisjonelle pungdjevelsongar rundt leirbålet."

4 comments:

Anne Falsk said...

Disse tradisjonelle pungdjevelsongane er eg ivrig etter å lære meg til neste slektstreff. Har du nokre tekster du kan legge ut?

Dr. H said...

Problemet med tradisjonelle pungdjevelsongar er at dei stort sett berre finst i muntleg overlevering, og ofte i fleire versjonar. Eg er likevel i stand til å presentere kanskje den mest kjende av dei, sungen rundt mangt eit leirbål gjennom fleire generasjonar:

Vi er pungdjevlar, vi,
ikkje utan ein viss ironi,
vi er små, men vi er sterke,
ler det bort om ting går på tverke,
vi er frie og stolte dyr,
går ikkje av vegen for eit lite eventyr,
tenkjer positivt så langt det går,
strør ikkje salt i eigne sår,
aooo aooo aooo!

Anne Falsk said...

Dette var bra.
Sidan eg ikkje har noko melodi å gå ut ifrå, kviskrar eg berre teksten med ein monoton stemme. Det blir faktisk så fengande, at alle eg møter syng med. Det lovar godt for framtidige slektstreff.

Dr. H said...

Nesten så eg kjenner eg får lyst til å vere med på eitt av desse slektstreffa. Elles heng det no eit ekte annefalsk-bilde sentralt plassert på Fiskerens Venn-kontoret.