Wednesday, March 14, 2007

Forbrukarspalta: Test av margarita-mix

Flaskene med margarita-mix står sentralt plasserte i hyllene på Meny, så dei er lette å finne. Det er naturleg å kjøpe minst to. Dei har ein tendens til å bli ståande ei stund i kjøkkenskåpet, men før eller seinare kjem den dagen då du kastar eit blikk på flaskene og tenkjer: Heisann! Der står det jo to flasker margarita-mix! Kanskje i dag er ein god dag for å prøve dei?
Du treng også ei flaske tequila, men det har du no gjerne ståande. Så kjem den store augneblinken: Du skal blande tequilaen med margarita-mixen! Du les på etiketten at blandingsforholdet er 1 til 1, så dette er noko dei fleste kan klare utan å spørje ekspertar til råds. Det finst spesielle margarita-glas, men du skal ikkje miste motet om du ikkje har slike i huset. Eit vanleg kjøkkenglas gjer same nytten, ja sjølv ein kaffikopp kan brukast (men ver varsam dersom du tar ein lettknuseleg kopp med stor affeksjonsverdi). Begynn med å leggje ein isbit av passe storleik i glaset (det står knust is på etiketten, men det kan du drite i). Fyll så glaset halvt opp med margarita-mix og deretter like stor mengde tequila. Kjennarar vil gjerne ha litt salt rundt kanten av glaset, men dette vil vi eigentlege frårå. Det er vanskeleg å få saltet til å liggje stille, det vil lett ramle ned i drinken, og det er ikkje meininga. Så er det berre å smake. Du tenkjer at det kanskje ikkje er det beste du har smakt, men det går no ned. Når du så har fylt opp neste glas, merkar du at denne gongen smaker det betre. Når du er komen til det åttande glaset kan du berre fastslå at dette var jo riktig godt, og her er det berre å halde fram. Vi har dermed konkludere med at margarita-mix er eitt av desse produkta som vinn seg ved nærmare bekjentskap.
Neste morgon vil du kanskje vakne med ei kjensle av at du ikkje har så lyst å gå på jobb, og det kan vere eit fint høve til å ta seg ein dag fri.

3 comments:

Anonymous said...

Eg kjem frå ein kommune som har dette som motto: "Det er rart at eg er så tyrst i dag, eg som drakk så mykje i går." Eg skal råde alle eg kjenner i kommunen min til å lese forbrukarspalta di.

Anonymous said...

Pussig, mottoet i min heimkommune er nemleg: "Det står ikkje nokon pris på denne - ja, då er den vel gratis, he he!!". Og slike forbrukarar vil nok òg kunne ha nytte av ei spalte som denne.

Dr. H said...

Dette høyrest ut som to fine kommunar, og eg vil takke dykk begge for at de vil skaffe alle desse nye lesarane til ei forbrukarspalte som, så sant eg kan skaffe dei nødvendige sponsormidlar, vil dukke opp att med svært ujamne mellomrom.