Saturday, January 13, 2007

Oppsummering så langt

Etter fem dagar er det vel tid for å oppsummere erfaringane så langt. Og vi tilstår at vi har vakla mykje, mellom tvil og tru. Eit spørsmål som har meldt seg gong på gong er dette: Er det nokon vits i? Vil ikkje det mest miskunnsame vere å slette denne bloggen? (Det var kanskje to spørsmål, men det gjer vel ingenting.) Men så har vi tenkt på alle dei som har hatt tillit til oss, dei som har sendt oss ganske betydelege pengegåver, og dei som har tatt oss med i bønene sine. Det siste har vore avgjerande, og vi kan i dag, på 20.-dagen, melde at Fiskerens Venn held fram. Iallfall inntil vidare.

3 comments:

Sponsorane dine said...

Ikkje gløym at du har lova å setje inn eit bilde av oss!

Dr. H said...

De gir meg vel ikkje mykje sjanse til det, tenkjer eg.

fr.martinsen said...

god beslutning.