Monday, January 19, 2009

Ei hending


Mens eg låg der og høyrde på musikk, kom brått røysta til far min ut av radioen. Han snakka direkte til meg, og han var streng, utan at eg heilt klarte å oppfatte kva slags grunn han hadde til å vere det. Då eg etter ei stund spurde han kva han eigentleg ville, kremta han og høyrdest ut som han blei svar skyldig. Rett etter kunne eg høyre bølgjesus og eit einsleg måseskrik, og så var det igjen Reparata & The Delrons med "Captain Of Tour Ship".

11 comments:

Anonymous said...

Det var på 70 talet. Eg hadde fått kasettopptakar. I februar tok eg opp vermeldinga. Det var sterk storm ved Stadt. Haglbyger som gjekk over i sludd (dvs. vadlesletta)

Far min skulle alltid høyra vermeldinga. I juli ein gong, ein nydeleg sumars dag, sa far min, som so mange gonger før: ver stille, no kjem vermeldinga. Og eg kopla ut radioen og inn spelaren, og ut tona den innspelte meldinga.

Ja han vert rusken, sa far min

Anonymous said...

Den var steikje god!
No lo eg godt du - takk skal du ha!

Filifjonka

Anonymous said...

Det ser ut til å gå nedover med Fiskerens Venn. Kvar kan ein sende oppkvikkande helsingar og hjartestyrkande stønad?

Dr. H said...

Hit.
Dr. H

Anonymous said...

Sopass! Ja, Dr H. Du dreg sydover til sol og varme og vi blir att her oppe i det kalde nord. Det er så kaldt at ikkje eingong t-bana orkar å gå... I det minste må vi få nokre varme oppmuntrande meldingar om at det finst eit liv - om ikkje alltid her.

Hjartesukk frå Filifjonka

fanabu said...

*oppkvikkande helsing og hjartestyrkande stønad*

Jorunn Solli said...

Ta en kikk her... kanskje ser du noen du kjenner igjen?
http://bharfot.wordpress.com/2009/06/02/vardebutanter-2009-mono/
Takk for at du lyttet i bakgården på mono ;-)

Gisle said...

Vær hilset!
(Seint,men godt for min del.)
Eg hørte ofte far min nynna med på
Waterloo Station, men så gjekk
tida. No hører eg han berre når eg minst ynskjer det.
Håper du setter ned ved Blogge-
pulten din igjen. Du veit vi er nokre som veit den står ved vinduet.

Gisle

Bjørn Skogmo said...

Men dette har du rapportert 19. januar. Ligger du der ennå?

Fanabu said...

No er det på tide å vakne.

Nils Nidvu said...

No sit og blar i Dr. Munks Popleksikon og trur du ikkje dette biletet av den raude radioen på bordet, med sumarsola inn attanfrå, - det står på side 4 - oPNINgsBiletet ! - og det er det same biletet som illustrerer inseratet (inserat?) om "Captain of our Ship". Jau det er eit bra bilete.