Sunday, December 28, 2008

Romjulsdraum

I natt drøymde eg at nokon (ein prest) snakka om "hosteørna", ein utryddingstruga fugleart. Eg låg på ei lita hylle i kyrkja, ved sida av altertavla, kledd i kinesisk silkepyjamas. Eg begynte å flire og tenkte at det er ikkje rart at ho er utryddingstruga, med den hosten.

3 comments:

Nils Nidvu said...

Det er vel dette Hauge/Tveitt året ?,- ei kjensle av tap når det no er slutt. 08 var eit år på ørnetuva, no døyr poesien ut, - er du redd for.

Dette er di mare. Draum og dikt går om kvarandre: Kinesiske vers/silke, ørnar, svarte prestekoner.

Og hosten: -- Hjå OHH:
No er det ikkje vind att.
Ikkje vind
og ikkje fuglar,
kor skal det då gå ?

Hjå deg har vinden gått inn i den stolte fuglen og tar livet av han. - Eg ottast for deg, dr. H. "Mitt liv var draum" -- eg vonar ikkje det....

fanabu said...

fanabuen har hatt rare nyttårdraumar. det er ikkje det same.

Anonymous said...

Eg har hatt influensa eg og då har eg hosta mykje ja. Kan det rett og slett ha vore eit førevarsel om at influensa er på veg?

Filifjonka