Wednesday, April 16, 2008

Framandgjering

Eg veit ikkje korleis det har seg, men iblant får eg ei kjensle av framandgjering i forhold til Innboksen min. Og eg tenkjer: Kven er alle desse menneska? Kvifor skriv dei til meg? Er det noko dei vil? Ligg det noko under? I slike tilfelle tar eg meg gjerne ein tur rundt i korridorane, og når eg så kjem inn att på kontoret er som regel alt ved det gamle.

22 comments:

Anonymous said...

Her er endå ein som ikkje vil deg noko. Eg er attpå til Anonym, som du ser, -- L'etranger, Mister Jones, Mannen uten egenskaper, Nowhere Man. Dr. H lyt gjera seg ein runde til i korridorane (helsa kjekt goddag til Brit og Gerd). Og kanskje ikkje alt er ved det gamle likevel, når han kjem attende -

Dr. H said...

Gerd?

Anonymous said...

Men...hugsar du meg ikkje ? No vart eg heilt . . . betutta

Dr. H said...

Jo, no begynner det å demre.

Aina Basso said...

Glad for å sjå at skandalenes tid endeleg er forbi.

Anonymous said...

Jeg har nettopp kjem hjem fra en tur til Mallorca. Du skulle vært med H, sinnet ditt ville funnet ro der, kanskje kunne du også fundert videre på dine ideer om en fiskeruse som varsler eieren hvis der kommer havål inni, nåvel, jeg møtte Gerd på gaten etter hjemkomst og hun kunne fortelle at du hadde glemt henne, men antageligvis ikke meg (har det å gjøre med brosjen jeg bar den dagen du støtte på oss?), og hun var litt snurt som naturlig er. Jeg er litt urolig for deg. Du skriver jo denne bloggen og vil at folk skal kommentere, men samtidig oppdaterer du så sjelden at jeg tror de lange oppholdene gjør deg mere folkesky når noen svarer..., - jeg er litt på gyngende grunn her, men kanskje du skulle skrevet litt oftere ?, bydd på mere av deg selv som det heter nuomdags. PS. kunne vi ikke møtes en eftermiddag over Hagelins fiskekaker ?

Anonymous said...

fanabuen trudde ein augneblink at dr. h eigentleg var ein annan som fanabuen ofte treff på i korridorane, og var nøgd med forklåringas ljos som varma til inst i hjarterøtene, inntil det brått gjekk opp for fanabuen at neida, det stemmer, dr. h har han/ho aldri treft. det var ein annan som rekte i dei korridorane samstundes som fanabuen, og at dr. h neppe driv og rek i dei korridorane som fanabuen frekventerer.

Anonymous said...

Her var det mykje å ta fatt i gitt. Veit knapt kva ende eg skal begynne i. Gerd, ruser, havål,brosjer, korridorar med fanabuar rekande i, framandgjering, innboksar og oppdateringar. Det siste har eg i alle fall ei klar oppfatning om - oppdateringar må skje oftare enn her. Ein gong pr månad må vere minstekravet, spør dr H meg, men det gjer han jo aldri. No begynner eg også å lure, som fanabuen, på om eg nokon gong har frekventert same korridoren som dr H? Kanskje er eg og han heilt ukjende for einannen? Og spelar det eigentleg noka rolle?

Undrande Filifjonka

Anonymous said...

Det er ei plage å liggja på korridoren. Det hender, gjerne kring midnatt, at ein doktor H kjem skridande forbi, og so tidleg morgon, gjerne i 4-tida, kjem ein annan kar tuflande. No og då dukkar også eit kvinnemenneske opp. Det er ikkje fred å få. Eg vurderer å klaga til administrerande (Brit Alrek) for å få ein slutt på dette, men etter det eg har høyrt so har ho vore vekkreist ei tid.

Anonymous said...

Kom inn på kontoret mitt no og her er alt ved det gamle og det er ikkje så bra!
Skulle ønskje noko kunne hende... noko uventa og rart...

Filifjonka

Anonymous said...

Kanskje noen skulle komme? eller nokon som det visstnok heter...når noen kommer...

Hilsen "nokon"

Anonymous said...

somme gongar kan ein rope i skogen utan at det syng bakenfor. somme korridorar svarar som ein ropar. det vart ikkje ein gong ein ellipse. ei heller noko anna som ein helst freistar på. men det gjer vel ingenting.

Anonymous said...

oi der var ein nokon... no har eg gått alle korridorane ...Eg har også ropt, litt svakt, i alle krokar ... kan han ha gøymt seg i ein krik ? ... Har han hamna inn på denne Filifjonka sitt kontor ? eller falle ned i ei uventa lomme i Innboksen ? Eg er mo i knea. Har også med meg nokre Hagelins fiskekaker.

Anonymous said...

Nei her er det ingen, berre eg som sit og tastar og tastar. Vel eg er jo meg då og kan knappast kallast ingen (?), men "nokon" er ikkje her. I krikane bor det hybelkaninar og i krokane står det store øskjer og fyller opp plassen. På skrivebordet står det ein pakke knekkebrød og i koppen er det kald kaffi. No ventar eg på sommaren...
Filifjonka

Anonymous said...

Ja, det må eg seie... Eller, nei... som min gamle far alltid opnar einkvar samtale med... Her var alt ved det gamle - ingenting har skjedd på vekesvis. Det må eg seie var skuffande ja. Eller nei...

Filifjonka

Anonymous said...

må berre gjere merksam på at no har det vorte ein vel lang sommarferie. kan neppe forsvarast. kan kanskje heller ikkje angripast. dessutan finst det kanskje ikkje nett hjå fiskarens venn for tida. det er jo mykje reising på fiskane, og då dryp det gjerne på klokkaren.

Anonymous said...

Ein sommar kan'kje vara evig... veit du... kan aaaaaldri vara evig....

Filifjonka i haustklede

Anonymous said...

Kjære heimlause Dr. H.,

kunne du tenke deg å dele nokre tankar, ord og gjerningar med oss stakkars lesande pasientar att? Eg veit om minst fleire som saknar ein veldosert, sjølv om han kanskje ikke alltid skjønar poenget sjølv.

w

Anonymous said...

Høyr høyr gode Dr H!

Filifjonka

Anonymous said...

Hallo? Er det nokon her? I fall det er det syns eg dei skal skriva litt meir.

Ungt kvinnfolk.

Anonymous said...

Eg vil dra opp og gå og gå
men noko held meg attende.
Eg ventar på dr. H.
- ein gong var me kjende

Anonymous said...

Herregud, da folk!
Få dere et liv!!!



Grettengris!