Wednesday, August 22, 2007

Litt skikk og bruk

Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein kjem til kiropraktoren etter eit par månaders pause og oppdagar at han sidan sist har fått nokre merkelege skalla flekkar på hovudet. Skal ein ta oksen ved horna, så å seie, og framføre eit muntert: "Skal seie du har fått nokon merkelege skalla flekkar på hovudet. Kva er det for noko?", for å lette på stemninga (sidan de begge to er bevisste om at du no har lagt merke til flekkane). Eller skal du tvert imot la vere å seie noko som helst? Her vil vi på det mest innstendige rå til å prøve siste alternativ. Dersom kiropraktoren sjølv tar initiativ til ein samtale om dette, derimot, stiller saka seg annleis. Då kan du berre håpe på at han vil fatte seg i kortheit. Og det vil vere feil frå di side å kome trekkande med ei tante som ein gong leid av noko liknande, sjølv om det skulle vere sant.

4 comments:

Klokka said...

Kva gjer ein med kiropraktorar som alltid fortel om kva alle dei andre pasientane hans seier?

Anonymous said...

Kvar har kiropraktikaren vore i sommar? Eg trudde at alt vaks so godt i regnver... Han må ha vore ein plass sola sveid godt i skallebarken gitt... truleg sud om Sahara...

...sa Filifjonka

Anonymous said...

Tusen takk for rådet. Eg synest alternativ to høyres fint ut, og er glad du presenterte det.

Eg har aldri vore til kiropraktor, men kanskje eg møter ein på vegen.

Tru om dei syklar eller går slike.

Dr. H said...

Eg takkar deg, Knøttet, for at du igjen stiller dei relevante spørsmåla. Dei syklar mykje, men du kan også treffe på dei gåande. Når det gjeld spørsmålet frå Klokka, så er vel svaret at ein ikkje gjer noko som helst.