Monday, July 30, 2007

Det er ikkje verre

Mange har lurt paa korleis det kan ha seg at eg alltid slepper lynraskt gjennom alle folkemengder, ikkje minst utanfor utestader i store byar. Svaret er at eg bruker det gamle trikset og seier med kraftig stemme: "Slipp meg frem, jeg er norsk lege!" Ikkje minst i utlandet har dette god effekt. Men om alle no begynte aa gjere det same, ville nok effekten snart avta.

3 comments:

Anonymous said...

Ikkje Lille My skriv:

Eg ville so inderleg gjerne vere Lille My, men nei, Mummitrollet det er meg.
For ein dustete test! Det er vel gale nok at eg er meg i det verkelege livet - eg kunne vel få lov til å drøyme meg litt bort som Lille My vel. Er det for mykje forlangt? Eg berre spør. Ikkje nok med det - ein annan dustete test sa at eg passa godt som frisør!!!! Frisør? Eg? Hellandussen!
No skal eg berre klikke meg bort frå alle testar - ikkje la meg lure til å få nok ein dag øydelagt - til og med ein solskinsdag!

Anonymous said...

Ikkje Lille My skriv:
Men det hadde jo svært lite med å kome seg fram i verda å gjere, eller? Så du seier at du er lege du ja. Eg for min del snik meg berre framover utan å seie eit knepp - at eg er liten som Lille My, er ikkje så dumt under sånne omstende. Mange trur at små menneske har problem i store folkemengder, men det er berre tull. Sanninga, som vi likar å halde for oss sjølv, er at vi kjem oss forbausande fort framover i store folkemengder. Mange av oss bruker "vi skal berre"-setningar.
Det var vel det eg hadde å melde ja.

Anonymous said...

Tsk, tsk, du legger ikke an litt halting også? Det er noe med det snørrhovne oppsynet til din kollega med stokken som sier meg at det ville kledd dr. H.

Hemulens kusine