Thursday, June 14, 2007

Forbrukarspalta: Lus i håret på lykketroll


Vi har tidlegare - for ein ti års tid tilbake - tatt opp problemet med lus i håret på lykketroll. Vi har no fått indikasjonar på at vi tok noko lett på problemet sist. Då lykketrollet (frå 1966) nyleg var inne på sørvis, blei det slått fast at dei små krypa som atter hadde gøymt seg i håret ikkje var lus, men nokre brunaktige åme-liknande kryp. Uansett, særleg apppetittlege er dei ikkje, og dei må berre fjernast. Invester i eit middel mot brunaktige åmer og andre kryp i ein fargehandel. Å setje fyr på heile håret er utan tvil effektivt, men eit skalla lykketroll er vel ikkje akkurat det du hadde tenkt deg? Særleg når det gjeld eitt som har tent deg trufast gjennom nærmare førti år.
(Bildet er sjølvsagt ikkje det autentiske lykketrollet, men eit simpelt illustrasjonsfoto.)

5 comments:

Haldor said...

Du meiner vel "det autistiske lykketrollet"?

tvilaren said...

Dette veit eg ikkje heilt om eg trur på.

Dr. H said...

Du, Haldor, skal vel ikkje snakke for høgt om autisme. Og det undrar meg litt at eg ikkje har sletta innlegget ditt, slik eg bruker å gjere.

fr.martinsen said...

Pass på at lykketroll ikke låner luer av hverandre.

anton said...

Tar De åmene fra et gjennomsnittstroll, tar De lykken fra ham med det samme.