Friday, May 4, 2007

Livet og det heile



Det har vore litt stilt her ei stund, men kva gjer vel det? Litt stillheit har ingen vondt av. Så høyrer ein lettare susinga i vassrøyra og forfedranes tunge steg over loftsplankane. Eg har vore opptatt med mi eiga bursdagsfeiring eit par veker, men no er det jamt slutt. Litt skuffa over at foreldra mine gløymde dagen denne gongen også, ein kjem visst aldri heilt over slikt, sjølv om ein ikkje forventar seg noko.

Jamt slutt trudde eg også det var då eg her om kvelden fekk besøk av denne karen (bildet over). Det blei ein litt tvungen samtale, han hadde ikkje så mykje å by på, eg slapp fort opp for underhaldande anekdotar, og blei eigentleg litt sjokkert over at eg har så få på lager. Etter kvart forstod eg at det ikkje var noko spesielt han ville, utover å ha nokon å prate med ei stund. Og då vi hadde site der nokre timar til og kommunikasjonen ikkje hadde tatt seg opp i nemneverdig grad, bad eg han berre om å gå, noko han då òg gjorde. Dette besøket burde truleg ha mant til litt ettertanke, men kan vel ikkje seie at det gjorde det.

5 comments:

Molla said...

Faren min trudde en kveld at han hadde fått besøk av djevelen og kjente seg egentlig litt beæra. Men så var det bare sitt eget speilbilde han hadde sett i vinduet.

Hemulens kusine said...

Cast a cold eye on death. Forøvrig har vi allerede begynt med grasklipper.

Dr. H said...

Grasklippar? Er ikkje det berre SÅ 2005? Far min har elles ei historie frå barndommen sin om då han skulle kjøre minstebror sin på grasklipparen. Broren blei ikkje heilt den same etterpå, men far min ler godt kvar gong han fortel det. Det seier vel sitt om han, men det som alltid har forundra meg mest er at dei i det heile HADDE grasklipparar på den tid.

Hemulens tante said...

Oj, er grasklipper ute? Er det ljå som er det nye nå igjen? Hva med stuttorv? Til korte folk.

Personlig har jeg oppdaga at bare man ikke endrer på noe, er man inne cirka hvert sjuende år. Til dømes meg og blå øyenskygge. Den og jeg er inne med jevne mellomrom. Slik får man tro det har seg med grasklippere også. De andre får herje på med ljåen, så holder vi stilt på med grasklipper. Og blå øyenskygge.

Dr. H said...

Blå augeskygge er greitt, men no må vi nok berre kome oss vidare.