Wednesday, April 11, 2007

Draumespalte

Vi opnar med dette ei lita draumespalte, der også eventuelle lesarar (med unntak av Haldor) kan få leggje fram draumane sine, om dei ikkje er for usømmelege. Her er ein draum eg hadde for to netter sidan:

Eg drøymde at eg var tilsett hos Dolly Parton, eg var hennar fortrulege og gav henne m.a. råd når det galdt klede. Alt var i grunnen heilt fint, men problemet var mannen hennar. Han var ein svært hissig og brutal fyr. Og ein dag hadde han kjøpt ein heil haug med kjolar til Dolly, den eine meir smaklaus og glorete enn den andre. Dette kjende eg det som mi plikt å seie i frå om, og no visste eg også at mine dagar i Dolly Parton-huset var talde. Eg måtte berre stikke av så fort som råd, noko eg då også gjorde. Eg busette meg hos ein lege i same bygda, men såg aldri Dolly Parton meir.

3 comments:

Anonymous said...

Jeg drømte at jeg og de tre vennene mine skulle på en dannelsessreise til Europa. Vi satte oss på toget i Oslo, men kom oss ikke lengre enn til Drammen, for der stoppet togskinnene. Det skal nevnes at Drammen var en nydelig by i denne drømmen, med fargerike futuristiske hus overalt.

Mari said...

Eg drøymde at eg sykla over ein plankeveg (ei slags bru om du vil) ved ei elv, ei ganske so sump-aktig elv til trass for at ho heilt sikkert låg på Skjelbreid ein stad. Då eg var nesten i enden av der plankevegen enda stakk ein grøn slange hovudet opp mellom to plankar og beit meg under foten. Eg måtte sykle opp til næraste hus, og det synte seg at det var familien der som eigde slangen. Eg vart betent i bittet, og mor i huset klemte ut ein betennelsesgul slimklump på storleik med ei plomme ut av foten min. Då kasta eg opp på sengeteppet til familien og det vart veldig flau for, sjølv om eg skjøna at det var formildande omstende at eg kunne døy av slangebittet.

Molla said...

Ja ja, Hestefjes, det er vel typisk at din drømmespalte blei mer populær enn min. Er det egentlig noe i veien med kaniner?