Wednesday, February 21, 2007

Tilbake til kvardagen

Eg er tilbake frå ferie, og eg må seie det var eit nedslåande syn som møtte meg. Det at kaffitraktaren stod på og at det var ei uhumsk lukt overalt var no det minste. Verre var det å måtte fastslå at Haldor, som eg har kjent i alle år, ikkje duger til noko som helst. Han har no fått sparken permanent, og tanken om å få gifte seg med søster mi ein gong i juli kan han no berre gløyme. Eg trur at ting skal vere i gjenge att ganske snart og håper lesarane vil bere over med dette uheldige intermessoet.

2 comments:

Haldor said...

Ja ja, vi skal sjå om søster di klarer å bli gift nokon gong.

Søster said...

Om det kanskje ikkje er slik at eg kan velje og vrake, så er det iallfall ikkje slik at eg er utan tilbod.